Startsida BalestrandKontaktLokaletOpningstiderVisjon

Lokalet

Sist oppdatert: 6. nov
Då mekanikarane var knøttsmå var det ein bensinstasjon i Holmen (Balestrand sentrum) som hjå dei små vart kalla «Bensen». Dette var kanskje den mest spanande av handelstilboda i bygda. Her var det eit rikholdeleg utval av varer vi ikkje visste kva var - samtidig var det varer vi visste GODT kva var. Her kosta BUGG 50 øre og fotballkort med Gary Lineker kosta 5 kroner. Her kunne ein vå leige videoar for dei som var så heldige å ha videospelar og slapp restreksjonane som moderne oppdragelse sette for slikt. Her kunne ein få pumpa luft i dekka, om ein var så heldig at ein hadde bilventil. Nokre meinte at eigaren heller ville drive platebutikk enn bensinstasjon. Dette var ikkje heilt ulogisk då ein hadde eit rikhaldig utval både av det nye, og klassikarane til CD og kassettspelaren. Så det er vel ikkje få som den dag i dag har ei Guns N Roses-skive som hadde sitt opphav på Bensen...

Men tida gjekk, og markedskrefter og tida gjorde at det ikkje lenger var bensinstasjon i dette bygget - og bygda gløymte bensen. Lenge stod det der einsomt - bygget som var vant med å begeistre og var den einaste plassen ein kunne møtast utan påskudd ein søndag.

Så var det ein fest i 2006... For å gjera ei historie kort, var det ein fest der praten på den eine eller andre måten kom inn på bensinstasjonen som ikkje fekk vera møtestad lenger. Viss ein lyg litt i ekstra korte trekk; vart det denne kvelden vedteke at bygget skulle verta Bensen Bar.

På seinsommaren 2008 opna Bensen Bar...

Sjå reportasje frå oppussingsprosjekt jula 2008


Sjå reportasje frå oppussingsprosjekt sommaren 2009