Startsida BalestrandKontaktLokaletOpningstiderVisjon

Sist oppdatert: 23. jul
Bensen's League:


Var DU på Bensen Bar i jula? Deltok du i dei krevande quizane? Om ikkje, har du no sjansen å få oppleve det!

Etter quiz-suksessen i jula, køyre me i gong ein storstilt Quiz-liga, Bensen's League!
Fredagen i Bensen-helgene vil det vera quiz. Av alt 6 rundar quiz i vårens Bensen-league, vil dei 5 beste rundane for kvart lag telle. I tillegg til poenga kvart lag sankar på kvar runde (maks 30 poeng) vil rundevinnaren få 6 bonuspoeng, 3 bonuspoeng til nestbeste, og 1 poeng til tredjeplass.
Sjølvsagt er det premie kvar runde, men laget som vinn ligaen vil bli premiert med ein flott buffet på Kviknes Hotel!

Så etabler ditt lag; om det er kolleger, venne-gjengen, eller rett og slett eit toppa lag med spisskompetanse på ulike felt.
Bensen's League er den ultimate utfordringen og samlast rundt! Send navn på lag og deltakera til quiz@bensen.no , eller på sms til 97006292!

Kva er QUIZ?
Quiz er eit sosialt og morsomt lagspel. I hovudsak går spelet ut på å bruke kunnskapen i laget til å svare rett på flest mogleg av spørsmåla Quiz-verten serverer.


Reglar:
- Ein quiz består av: 2 rundar, 15 spm. kvar runde. Spørsmål vil vera 75% allmennkunnskap, medan 25% vil vera av lokalkunnskap
- Eit lag består av inntil 5 personar.
- Påmelde lag kan endrast undervegs. Ein må då bestemme internt i laget kven som skal få nytte av ein evt. første premie - Buffet for maks 5 på Kviknes Hotel
- Ingen hjelpemiddel tillatt (mobil-bruk og lignande vil bli straffa med at laget ikkje får poeng denne runden)
- 5 av 6 rundar vil vera teljande for kvart lag i ligaen. Dette vil vera dei rundane med høgst poengsum (inkl. bonuspoeng)


Quiz-datoar:
30. Januar - FØRSTE RUNDE
27. Februar
3. April
10. April (NB! Flytta frå 9. april)
30. April
15. Mai - FINALE




Mvh
MekaniKarane på Bensen Bar

www.bensen.no
Alltid full tank!