Startsida BalestrandKontaktLokaletOpningstiderVisjon

Truleg KROKEN PÅ DØRA frå oktober

Sist oppdatert: 31. mar
Dei som har fulgt med her på nettsida, har sikkert fått med seg at vi i vinter har skrive både uttale til reguleringsplan og brev til kommunen – der vi ynskja ei avklaring på korvidt vi fekk halde fram å nytte lokala .

Etter handsaming på nest-øverste lokalpolitiske plan (Formannskapet) 12. mars - der Bensen Bar var representert, etterfulgt av eit brev som oppsummerer konklusjonen i dette møtet: Er det no klart at det nok ikkje vert noko Bensen Bar etter 1. oktober 2009.

I kontrakten Bensen Bar inngjekk med kommunen på vårparten i fjor, er det spesifisert at ein ikkje kan rekne med forlenga leigeperiode – så dette er ikkje noko som kjem som julekvelden på verken oss eller kjerringa – og har låge i korta heile vegen. Men vi hadde likevel håpa at vi gjennom drifta skulle bevise at Bensen Bar hadde ein misjon, i staden for alternativet – som slik vi forstår eit samla Formannskap framleis står bak; parkeringsplassar. Les heile brevet frå ordføraren i vedlegget på høgre side.

Slik vi ser det, kjem det ikkje til å kome nye moment inn i saken som vil tilseie ei endring av vedtaket - og instiller oss difor på å "lande" etter sumaren. Men verdens beste bar - skal ha verdens beste gravøl - så set av helga rundt 7-8 AUGUST. Då skal me ha kombinert gravøl og 1.årsjubileum :-)

[Kommenter saken]

Kommentarar

22. jul av Ruben:
Hahaha parkeringsplasser. Klart forstår jo at turistene trenger noe å ha bobilene sine på. Til tross for at jeg ikke har vært på bensen før, må jeg jo si at det skjer jo ingen verdens ting i Balestrand. Egentlig burde de heller lage parkering andre steder der det også skjer noe. Feks. Ta parken utafor kvikne, imens de er i gang med å rydde bort stedene man kan være. :) Håper dere forstår meg rett. Jeg fikk et brev fra kommunen, der det stod "kom heimat" og dette ble arangert for å dra folk tilbake til kommunen. Broren min og jeg kom ganske enkelt på følgende grunner til å IKKE bo i Balstrand. 1. Ingenting skjer, 2. Alt stenges på vinteren (tid for å gå dvale), 3 Balestrand har ikke jobber for oss. 4. Fleste flytter derfra.
Synes Bensen virket som en bra ordning. Men det ser nå ikke helt bra ut for de nye generasjonen. Man kan kanskje yngle unger, bo i hus og kjøre bil. Men å dra å finne på noe .... njei.
12. apr av Per I. G.:
Ta kontakt med Riksantikvaren og prøv saka der. Bensen er/var ein institusjon i bygda og bygget er i kraft av byggeskikken frå den tida verneverdig.
2. apr av :
Det er stakkarslig å sjå Balestrand Kommune lagar Ris til eiga Røv.
Det er vel siste krampetrekning før ei kommune samanslåing, eller er det brent jords taktikk ?
2. apr av :
Det er stakkarslig å sjå Balestrand Kommune lagar Ris til eiga Røv.
Det er vel siste krampetrekning før ei kommune samanslåing, eller er det brent jords taktikk ?
2. apr av tor:
anbefaller alle til å sende kommunen en mail hver dag til de snur i saka med overskrifta VI VIL BEHOLDE BENSEN BAR

adr : postmottak@balestrand.kommune.no
1. apr av Lars Jonas:
Kommunen (politisk og administrativt) har lufta tanken med oss utan å ha konkrete alternativ. For oss (Bensen) er det ikkje aktuelt å flytte geskjeften til eit anna lokale...
Bensen er ein draum som vart sann – bygd med sjel og dugnad. Å vaske ein annan pub etter å ha stengt 2. juledag, er ikkje aktuelt for vår del.
1. apr av :
Men ut ifrå brevet ser det ut som om Bensen ikkje vil vurdere eit anna lokale. Er det slik at de har fått tilbod frå kommunen om eit alternativ, og takka nei?
1. apr av :
Når trengs det eigentleg parkeringsplass på bensen tomta? Balejazz helga er den helga det er mest vrient å finne parkering, og då manglar det 2, maks tre parkeringsplassar. det er masse ledige parkeringsplassar utanfor bygdahuset, kvifor ikkje benytte dette arealet?

Dei einaste som kjem til å parkere på bensen blir vel medlemmane i formannskapet...
trur nett ikkje da verte trangt om plassen dar oppe.
1. apr av :
Turistane som kjem er vel meir viktig..
31. mar av Mulla Kvikne:


Kjære gutane på Bensen Bar.

Stao pao gutar!! Det er håp i hengande snøre.
31. mar av Kari Rønnestad:
I denne saka blir vi både inspirert og imponert........

31. mar av HildT:
Ja, dette var kjedeleg. Paradoks at "kom-heim-treffet" skal vere på nettopp Bensen, ja. Gobbivaremegvel. Bir sikkert fint i Holmen til slutt, men det hjelp ikkje viss ingen bur der om ti år.
31. mar av Henning:
Heilt utrulig at kommunen kan finna på å gjera noke slikt!! skam dykk!!
Viss ein parkeringsplass skal hjelpe kommunen med å få heim fleire folk enn at ein bar gjer det, so skjønna eg jævla lite av akkurat det!
31. mar av ef:
kom heim til kva??
31. mar av Theodor Kvikne:
Kunne ikkje funne betre ord sjøl - SKANDALE. Om vedtaket skulle bli eit faktum, så er eg djupt skuffa over kommunen.
31. mar av Kristjan:
Einig! Kommunen ynskjer å hindre fråflytting kommunen, men på andre sida vil dei legge ned det einaste positive som har vore gjort for ungdommen i Balestrand på årevis. Vil heller kalle arrangementet "flytt vekk treff". Stå på folkens, vi går lyse tider i møte!
31. mar av gjest:
...kledeleg med eit Kom heim treff i ein bar som dei same personane som ynskjer oss velkommen heim vel å legge ned...
31. mar av TorbjørnF:
Skandale...

brevkommune.jpg